Gå til innhold Gå til navigasjon
ungrus.no - Kristiansand kommune
ungrus.no - Kristiansand kommune

Spør oss / Rus og avhengighet

Rus og nervar

Hei!

Korleis øydelegg rusen nervane?

Gut 15

Svar fra ungrus.no 27.02.2017

Hei gut, 15!

Det var eit skikkeleg vanskeleg spørsmål du kom med. Eg er ikkje sikker på kva du meiner. Men dersom du tenkjer på nervesystemet, altså hjernen og nervane i kroppen, så kan rusmiddel øydeleggje på mange ulike vis. Særleg alkohol kan skade heile nervesystemet, både fordi han er ei nervegift, og fordi ein kan få mangel på B-vitamin som óg er skadeleg. Andre rusmiddel kan skade hjernen, til dømes vil cannabis kunne gi varig hjerneskade dersom ein startar tidleg og bruker mykje. Amfetamin, kokain og ecstacy kan gi hjerneslag. 

Dersom du meiner "nervar" i tydinga psykiske plager, vil alle rusmiddel kunne gi angst, depresjon, søvnvansker, og nokre kan óg gi alvorlege psykiske lidingar og føre til sjølvmord. Stort sett kjem det an på kor mykje du bruker, men nokre få menneske har fått alvorlege psykiske lidingar etter berre nokre få doser med til dømes cannabis. Spesielt gjeld dette syntetisk cannabis, som vi veit er sterkare enn vanleg hasj eller marihuana. 

Det er store skilnader mellom ulike menneske på kor mykje rusmiddel ein tåler før ein gjer skade på nervesystemet eller får psykiske problem av rusbruken.

Med helsing

Dagfinn Haarr
kommuneoverlege

 

Trenger du hjelp?

Hvis du er under 25 år og sliter med rus, psykiske eller sosiale vansker, kan kanskje Ungteamet hjelpe deg videre.

Les om Ungteamet
Her kan du skrive ditt spørsmål anonymt. Ikke skriv navn eller adresse. Vi spør om kjønn, alder og region for å gi best mulig tilpassede svar. Spørsmålet blir videresendt til svartjenesten, og besvarte spørsmål vil bli lagt ut på ungrus.no i løpet av en uke.

Spør oss!

* Felt merket med dette tegnet må fylles ut