Gå til innhold Gå til navigasjon
ungrus.no - Kristiansand kommune
ungrus.no - Kristiansand kommune

Spør oss / Rus og avhengighet

Rus og psykisk helse

Hei!

Kva innverknad kan alkohol og rusbruk ha på den psykiske helsa?

Jente 13

Svar fra ungrus.no 26.03.2019

Hei!

Alkohol og andre rusmiddel verkar på heile menneske, både på kropp og psyke.
Det dei har felles, er at mange kan bli deprimerte og få angst dersom dei nytter rusmiddel ofte.
Sentralstimulerande middel, som mellom anna amfetamin og kokain, kan gjere at den som nyttar det ikkje får sove. Dersom ein ikkje får sove over tid, aukar faren for å bli psykotisk, noko som er ein alvorleg psykisk helsetilstand.
Det er heller ikkje uvanleg å bli mistenksam og paranoid i periodar der ein ruser seg mykje på sentralstimulerande middel.
Både cannabis og andre stoff som LSD og fleinsopp kan gje hallusinasjonar. Desse stoffa kan og utløyse psykose hos sårbare personer.

Mange som slit med si psykiske helse, har ein auka risiko for å få eit rusproblem. Det kan kome av at dei nyttar rus som ein form for sjølmedisinering, for å dempe angst, uro og smerte. Rusen kan vere med på å gjere tilstanden verre. Mange treng hjelp for å klare å takle utfordringar knytta til at ein plagast av både rus og psykiske lidingar samstundes.

Med helsing,

Anne Wivestad

ungrus.no


 

 

 



 

Trenger du hjelp?

Hvis du er under 25 år og sliter med rus, psykiske eller sosiale vansker, kan kanskje Ungteamet hjelpe deg videre.

Les om Ungteamet
Her kan du skrive ditt spørsmål anonymt. Ikke skriv navn eller adresse. Vi spør om kjønn, alder og region for å gi best mulig tilpassede svar. Spørsmålet blir videresendt til svartjenesten, og besvarte spørsmål vil bli lagt ut på ungrus.no i løpet av en uke.

Spør oss!

* Felt merket med dette tegnet må fylles ut