Gå til innhold Gå til navigasjon
ungrus.no - Kristiansand kommune
ungrus.no - Kristiansand kommune

Spør oss / Andre rusmidler

Skader av amfetamin

Hei!

Eg har eit prosjekt på skolen om narkotika og lurte på korleis amfetamin skader kroppen?

Helsing, gut 14.

 

Svar fra ungrus.no 28.11.2013

Kjære gut, 14.

Amfetamin har mange skadeverknader på kroppen. Dei viktigaste er på hjarte og blodkar. Amfetamin kan gjere at hjartet slår ujamnt, det kan til og med føre til at hjartet stoggar.
Dessutan kan det setje seg blodproppar i dei små pulsårene i hjernen; då kan ein bli lam i armer eller bein. Amfetamin kan også gjere at det går hol på pulsårene; då får ein hjerneblødningar.
Høgt blodtrykk og hjarteinfarkt ser vi óg i samband med amfetaminbruk.

Dei som bruker sprøyter når dei ruser seg på amfetamin, kan få stygge sår og dei kan bli smitta med HIV og hepatitt A, B eller C. Dei som sniffar amfetamin kan få hol i naseskiljeveggen.

Mange amfetaminbrukarar øydelegg tennene sine heilt ned i 25-30 årsalder.
Det er vanleg med kløe i huden.
Vekta går ofte ned fordi ein ikke et skikkelig når ein er på amfetaminrus.

Amfetaminbrukarar har ofte depresjonar, og dei kan óg få alvorlege sinnslidingar. Nokre få pasientar kan vere plaga i årevis etter at dei har slutta med stoffet.

Her er ei lenke til meir fakta om amfetamin frå Folkehelseinstituttet.
 

Med helsing

Dagfinn Haarr

spesialist i allmennmedisin og samfunnsmedisin

 

Trenger du hjelp?

Hvis du er under 25 år og sliter med rus, psykiske eller sosiale vansker, kan kanskje Ungteamet hjelpe deg videre.

Les om Ungteamet
Her kan du skrive ditt spørsmål anonymt. Ikke skriv navn eller adresse. Vi spør om kjønn, alder og region for å gi best mulig tilpassede svar. Spørsmålet blir videresendt til svartjenesten, og besvarte spørsmål vil bli lagt ut på ungrus.no i løpet av en uke.

Spør oss!

* Felt merket med dette tegnet må fylles ut