Gå til innhold Gå til navigasjon
ungrus.no - Kristiansand kommune
ungrus.no - Kristiansand kommune

Spør oss / Andre spørsmål

Om narkotika frå leger?

Hei!

Eg lure på kvifor narkotiske stoffer blir skrive ut til ungdommer og solgt på apotek og samme stoff blir solgt videre på skolen der eg går,og så kommer politiet å forteller at narkotika er ulovlig?

Kvifor er så mykje av det me lærer av dei vaksne, ei stor kvit lygn ?

mvh jente 16

Svar fra ungrus.no 08.04.2016

Kjære deg!
 
Det siste spørsmålet ditt kan eg ikkje svare på, det får du spørje dei vaksne om sjølv. Eg for min del ynskjer å gi korrekt informasjon når eg held førelesingar og kåseri både til vaksne og ungdomar. 

Det fyrste spørsmålet ditt er interessant å diskutere. Det er jo slik at mest alle dei stoffa vi rekner som narkotiske, i tillegg vert nytta som medikament. Morfin og andre opioidar er både essensielle medikament og ettertrakta illegale stoff, cannabis finst og som medikament no, og amfetaminliknande stoff som Ritalin er nyttige medikament for dei som har ADHD.
Føresetnaden er at desse medikamenta (som alle andre medikament, også Paracet eller penicillin) vert nytta slik dei skal. Når til dømes Ritalin kjem på avvege, eller morfin vert omsett på den illegale marknaden, er det ikkje lovleg å bruke dei.
Desse stoffa kan ha store skadeverknader (biverknader), og det er viktig at bruken er kontrollert og forsvarleg. Vi vil vel ikkje ta medisinar mot sjukdomar vi ikkje har?

Med hilsen

Dagfinn Haarr
Spesialist i allmennmedisin og samfunnsmedisin
kommuneoverlege

 

Trenger du hjelp?

Hvis du er under 25 år og sliter med rus, psykiske eller sosiale vansker, kan kanskje Ungteamet hjelpe deg videre.

Les om Ungteamet
Her kan du skrive ditt spørsmål anonymt. Ikke skriv navn eller adresse. Vi spør om kjønn, alder og region for å gi best mulig tilpassede svar. Spørsmålet blir videresendt til svartjenesten, og besvarte spørsmål vil bli lagt ut på ungrus.no i løpet av en uke.

Spør oss!

* Felt merket med dette tegnet må fylles ut